Le Bureau (2015)

Rédigée par filmdagbok le 25 avril 2023

I denne serien om fransk etterretningsteneste følgjer me tilsette frå felten i mange forskjellige land og kontoret i Paris. Serien er på fem sesongar, og har nye oppdrag i søkelyset kvar sesong. Det er mange av dei same personane som går igjen, men med ulike vekting i kor mykje me følgjer dei. Pluss både forfall og tilkomst av nye. Le Bureau des Légendes er ein spennande og oppslukande serie. Det er god og jordnær spionthriller. Serien kan dra det langt i blant, og er ikkje fri for litt humor, men det blir stort sett opplevd som ekte innanfor sitt etablerte univers.