The Reader (2008)

Skrevet av filmdagbok den 26 April 2023

Ein ungdom i Tyskland etter krigen innleiar eit forhold med ei eldre kvinne. Dette var alt eg hadde lest meg til i forkant av eg såg The Reader. Pluss at eg hugsa filmen vann ein Oscar og generelt sett fekk skryt når han kom.

Forløpet til filmen var difor heilt nytt for meg heile vegen, og eg ante ikkje kva veg dette skulle ta. Men eg kjem ikkje unna å røpe meir enn dette for å få fram mine synspunkt.

The Reader går fram og tilbake i tid. Hovudsakleg er det fire tidsepokar me er innom. Forholdet som nemnt over er det eine. Det neste, kronologisk sett, er når hovudpersonen er på universitetet som jusstudent, og er til stades i ei rettssak der kvinna blir stilt til retten for krigslovbrot. Dei to neste epokane som me ser mindre til, er fleire tiår seinare når han er blitt godt vaksen og tenker tilbake på dette.

Ting som er å forvente av ein Oscar-vinner er på plass: Eit historisk tema, kjente skodespelarar som Kate Winslet og Ralph Fiennes, sminke som får ein person til å sjå gammal ut, eit innblikk i vondskap. Det er godt utført, men framstår for meg som ein film som følgjer ei oppskrift. Det er ikkje eit synonym for dårleg, men akkurat når det gjeld denne sjangeren og type film, så betyr det og Oscar-vinnande i lag at han er litt kjedeleg.

Eg nemner dette sjølvsagt fordi det er ein grunnane til at eg ikkje gir filmen 4/5. Og at eg ikkje føler tematikken og vinklinga er den mest interessante. Men sympatien vår hovudperson har med vondskapen er nok den største svakheita til filmen. Eit grep som altfor ofte blir brukt på film i forsøk på å menneskeleggjere eller gi perspektiv, men som rett og slett er å gi rom for prinsipplause haldningar.