X-Men Origins: Wolverine (2009)

Written by filmdagbok on April 28, 2023

Wolverine er den mest sentrale figuren i dei nyare X-Men-filmane, og har sidan 2000 blitt spelt av Hugh Jackman. I X-Men Origins: Wolverine får me eit nærare innblikk i opphavet hans.

Filmen går føre seg ein del år tilbake. Han handlar om eksperimentering, statlige løyndommar og ein fyr som blir utstøytt og utsett for overgrep.

Det er ei meir konkret og smalare historie enn dei typiske X-Men-filmane ofte har. Det er positivt. Men manuset er ikkje heilt topp. Filmen kjennest litt enkel ut og sit ikkje så godt som han burde med tanke på den formidla dramatikken. Det endar difor opp med å bli ein midt i mellom-film, ein grei film. Kurant action, men lite meir.