House of Cards (2013)

Written by filmdagbok on May 2, 2023

Politisk spel i Washington er tråden i Netflix-serien House of Cards. Frank Underwood (Kevin Spacey) er kongressmann og har rolla i kongressen som passar på at partimedlemmene stemmer etter partipolitikken.

Når ting ikkje går som planlagt tar Underwood eit steg tilbake. Ein ny strategi for å nå målet om meir makt blir sett i verk. Dette oppsummerer første sesong. Det politiske spelet og legginga av brikkene som skal føre Underwood dit han vil.

House of Cards sper på med lett dystre element. Me møter utspekulerte personar som gjer vonde ting for å nå måla sine. Underwood tar lett på ting og set tonen i serien. Det er fornøyeleg og på kanten, men sjeldan for dystert.

Kritikken min går på dette. I blant tar serien for lett på ting. Det kan ofte bli forklart med at Underwood spelar eit ope spel, men mange gonger skjer ting for fort og enkelt. Likevel må eg innrømme at det er dette uklare skiljet som er med på å holde det gåande.

Veg mot meir makt for Underwood blir etter kvart erstatta med ein kamp for å behalda makta. Tredje sesong handlar om dette, og oppnår ikkje det same drivet. Dette bøter fjerde sesong på, som på sett og vis er noko av det same. Men som tilfører ei form for spenning som fungerer, den hårfine balansen mellom å vere relevant og irrelevant, mellom å ha kontroll og ta sjansar. Innhaldet er som alltid nesten dystert og uakseptabelt, men oppbygginga gjer det sjåverdig.

House of Cards er altså verdt tida å sjå ei stund. Av dei seks sesongane til serien er nok den første best, og den andre nest best. Før serien tok eit dupp i tredje, men kom tilbake i fjerde. Fem sesong er litt anonym. Og sjette og siste sesong er ei usamanhengande røre som aldri skulle ha blitt gitt ut.