Two and a Half Men (2003)

Escrito por filmdagbok el 2 de mayo de 2023

Tolv år med enkel og dum situasjonskomedie er over. Dei fire siste sesongane såg Ashton Kutcher erstatte Charlie Sheen. Men allereie lenge før dette var serien forbi sitt beste.

Eg begynte på Two and a Half Men som med mange andre seriar, av nysgjerrigheit. Two and a Half Men hadde stort sett fått godord fortalt om seg frå folk eg kjenner og frå mine vante, amerikanske nettsider om seriar.

Til slutt måtte eg sjå kva denne populære komedien handla om. Humoren i den destruktive karakteren som Charlie Sheen spelar fenga, og den lette tonen til serien og det korte formatet til episodane gjorde at dei første sesongane gjekk fort unna.

Som den viktigaste karakteren i serien har me Charlie, broren Alan og sonen til Alan som er Jake. Charlie lev av å lage reklamelåtar og eig eit flott hus ved stranda i Malibu. Når Alan får ekteskapstrøbbel flyttar han inn og har med seg sonen i bagasjen som fast helgeinventar.

Dei mest morosame augneblinkane står på den avslappande og kule haldninga Charlie har til livet. Han er einsleg, player og den kulaste onkelen i verda for Jake. Alan er på mange måtar den strake motsetninga, men også ein fleksibel karakter. Han er ei stund fornufta i serien, men langt ifrå perfekt. Til slutt har me Jake, ti år gammal i starten, akkurat passe smart på enkelte område og for ung til å forstå alt. Han er grunnlaget for mange morosame scener.

Two and a Half Men rører seg smått innpå område til familiekomedien. Ofte går det i den retninga med sentrale barneroller i ein situasjonskomedie. Men serien blir aldri eit moralpreik. Trass i ein dryg humor, er serien innanfor rammene til amerikansk tv-sensur. Det kan likevel skildrast som ein vaksen serien. Det er vaksne som vil få mest glede av det grove språket og den seksuelle insinuasjonen.

Det tok litt for mange episodar før eg blei engasjert, ingen var direkte dårlege i løpet av dei første få episodane i serien, men ingen gav full utteljing heller. Noko slikt kan vitne om at serien, i det minste innleiingsvis, er prega av heller middels gode vitsar. Heldigvis veks karakterane etter kvart. Samanlikna med andre komediar kjem denne greitt ut til slutt, iallfall av dei tidlege sesongane. Eit stykke ut i første sesong fell fleire av vitsane på plass.

Etter kvart som serien blei eldre, blei serien dummare. Drygare handling er forsøk på å kompensere for det faktum at serien heile vegen gjentar seg sjølv. Karakteren til Jon Cryer, Alan, blir stadig meir ein utprega snylter. Karakter til Charlie Sheen, Charlie, bryr seg om stadig mindre. Den mørke og gode undertonen i humoren som var alibiet og djupna til serien, blei borte. Situasjonskomedieformatet stod igjen åleine.

Formatet har også vore redninga. Trass i alt så har den store mengda idiotiske og enkle vitsar som blei spydd ut, alltid resultert i minst eit par morosame vitsar. Kombinert med at eg gjerne fullfører ein serie eg byrjar å sjå, så har du årsaka til at eg såg Two and a Half Men ferdig.

Om eg skal lande på ein dom, så er det at Two and a Half Men ikkje er verdt å sjå. Trass i at serien ei stund leverer greitt. All ære til Jon Cryer som halde ut i 12 år. All ære til meg som har halde ut med tolv sesongar.