Jericho (2006)

Verfasst von filmdagbok am 2. Mai 2023

Kva kunne ha skjedd om USA blei ramma av eit omfattande bombeangrep på strategiske storbyar? Eit terrorangrep av massiv storleik som ville ha ein forbundsrepublikk der over ein tredjedel av befolkninga er meldt om å ha våpen i heimen, ut i kaos.

Jericho spelar ut dette scenarioet med dei følgene dette kunne fått. Når både kommunikasjonsnettverk og handelsnettverk blir lamma i eit land med rundt 300 millionar innbyggjarar, er det mykje som står på spel.

Konseptet for serien er interessant, med enden til verda og post-apokalypse så det passar. Styrken ligg i breidda og ei gradvis utvikling. Svakheita er at det blir bygd opp ei forventing til at noko stort skal skje rimeleg tidleg, forventingar som aldri blir svart.

Serien tok tid å feste seg. Når han endeleg gjorde det for folk i USA, så hadde CBS bestemt ein lang pause som ramma sjåartalet vidare. Dette resulterte i ei avlysing før slutten til første sesong. Heldigvis gav CBS etter for press og sendte dei sju gjenverande episodane.

Eg hadde eigentleg slutta med serien tidlegare enn dette, men byrja på igjen på grunn av dei ekstra episodane og håp om ei avslutting. Eg er ein stor tilhengar av post-apokalypse på film og tv, men likar ei god avslutting.

Andre sesong av Jericho vitna om ein serie på overtid, noko skaparane nok visste. Trådar blei prøvd nøstet saman og forklaring prøvd gitt i løpet av dei sju episodane i andre sesong. Konspirasjon og spørsmål om menneskerettar stod sentralt og var gode idear, men dei verka halvgjorde.

Andre sesong hamna i skuggen av det første sesong var, ei behandling av ukjente truslar på ein god måte. Jericho var aldri den beste serien, men scenarioet var spennande. Ei lengre levetid førte mest til ein svakare total.