The Squid and the Whale (2005)

Escrito por filmdagbok el 5 de mayo de 2023

Bernard og Joan skil seg. Bernard flyttar ut. Sønene Walt og Frank må dermed bu tysdag, onsdag, laurdag og annakvar torsdag hjå faren, og resten av mora.

Etter innleiinga skjer det ein del rare ting, som kan vere på grunn av skilsmissa, eller som ville skjedd uansett. Måten dette blir servert på er som ein roleg komedie og drama. Av den typen som eg er ganske glad i frå før. Så dette var ein film eg sette pris på. Og når gruppa Tangerine Dream dukka opp i bakgrunnen med songen Love On A Real Train, så kunne ikkje eg anna enn å smile breitt.