Runaway Bride (1999)

Written by filmdagbok on May 5, 2023

Romantisk komedie, 1990-talet og Julia Roberts. Det er ei oppskrift som ikkje er til å forvente feil av. Og Runaway Bride leverte akkurat som forventa på alle område. Nesten som eg kunne ha spådd kva filmen handla om utan å vite meir enn tittelen.

Richard Gere skriv ein artikkel om ei kvinne som har det med å forlate mennene ho skal gifte seg med i siste augneblink. Han får pes for dårleg faktasjekk og mistar jobben, og oppsøker så kvinna han har basert artikkelen på, i håp om å korrigere og bevise påstandane sine.

Søt musikk oppstår mellom Richard Gere og Julia Roberts på sikt. Og sjølvsagt hamnar dei i situasjonen der dei skal gifte seg, og Julia Roberts kanskje stikk av. I ein typisk film er dette avsløringar, her ligg det i korta frå første minutt, og du ser ikkje denne for å bli overraska.

Det som fungerer her og som gjer filmen god nok er andre saker. Som at Julia Roberts er fantastisk i nesten alt. At samspelet, kjemien og kranglinga mellom ho og Richard Gere fungerer godt, og gir den nødvendige komedien til filmen.

Romantisk sett er dette overflatisk, men søtt nok til å gjere sin vesle del. Det er likevel ikkje det som er den eventuelle grunnen til å sjå Runaway Bride, det forblir stort sett Richard Gere versus Julia Roberts.