The Punisher (2004)

Written by filmdagbok on May 11, 2023

Blodsharry action, feite eksplosjonar, automatvåpen og lading på lading av pistolar. Det er vel The Punisher i eit nøtteskal. Ikkje heilt min stil dette, men som den einaste usette filmen i Marvel-universet var han ikkje til å unngå. Likevel om eg ikkje hadde tolmod til å fullføre han førre gang eg prøvde.

Det er mykje som talar mot denne filmen, og eg finn lite som talar for han. Biroller gjort av Roy Scheider, John Travolta og Laura Harring hjelp ikkje på humøret. The Punisher blir aldri meir enn ein actionfilm der formålet er å sprenge mest mogleg under innspelinga og tene pengar på Marvel-namnet.