Lønsj (2008)

Skrevet av filmdagbok den 11 Mai 2023

Forsøket er eit godt eit, men Lønsj blir med stilen, og ei halvveges fortalt historie. Han set det heile i gang med ein prolog, etterfylgd av introduksjon av karakterane og byrjinga på nokon små problem. Etter dette skjer det frykteleg lite, og filmen når aldri eit klimaks, som han heilt i frå starten av verka å sikte seg inn mot.

Filmar som tar eit lite stykke av liva til nokon karakterar, koplar desse laust saman i eit felles oppdikta univers, kan godt vere gode filmar. Kravet er då at karakterane er godt skrive, eller at dei blir fletta inn i hendingar som klarar å trekke merksemda vekk frå mangel på dei. Lønsj har ikkje så interessante karakterar. Det einaste inntrykket me får er av problema desse har, men verken korleis dei har hamna dit hen, eller at dei behandlar problema sine. Det blir som å observere eit flott smørbrød på ein tallerken, Sjølv om du er svolten, står du heller å ser på smørbrødet til det ikkje er fullt så delikat lengre. Meiningslaust.

Lønsj er litt meiningslaus. Positivt innstilt til filmen som eg var, så kunne eg sjå potensiale til ein betre film i dette. Eg likte både stil, stemning og oppbygging. Sjølv om mangelen på å fullføre det sistnemnte prega tanken mot slutten.

Det eg vil fram til, er at dette er ein grei film ganske lenge, men skuffar dit hen eg bør kunne forvente at trådar blei samla. I det minste for dei individuelle karakterane. Eg er raus med karakteren sånn sett, men det er fordi det var fleire deler av filmen eg likte undervegs.