Star Wars: The Rise of Skywalker (2019)

Written by filmdagbok on May 12, 2023

Star Wars: Episode IX - The Rise of Skywalker er mykje av alt, og dermed ein vanskeleg film å skrive om. Han leverer som forventa, men er nok litt for typisk eller stiv for meg. Filmen evnar ikkje å skape kjensler eller spenning i så stor grad som eg skulle ønske.

Eg trur at filmen vil for mykje. Eller at produsentane vil for mykje. Eit av problema er at det er for mange karakterar her. Det er berre eit fåtal av dei som driv historia framover. Resten kunne ha vore kutta ut, og det kunne ha blitt bygd opp meir historie rundt dei viktigaste karakterane.

Logiske brestar eller hendingar som er bak mål kan eg leve med. Det er det her. For eksempel ting som må skje fordi filmen skal kunne levere ein romkrig på eit tidspunkt. Det er greitt. Men på grunn av at eg aldri klarar å investere for mykje i karakterane, så blir ikkje krigen noko stort heller.

Heldigvis har filmen mykje anna for seg. Det er spennande planetar og lokasjonar. Mange gode idear og flotte stunder undervegs som kan stå godt åleine på eigne bein. Blant anna eit besøk på ein planet som heiter Kijimi har mykje godt for seg.

Eg kunne ha plukka vidare på filmen både med tanke på positive og negative sider. Men eg gir meg der. Filmen er god underhalding, men verken ein eg vil anbefale spesielt, og heller ikkje fråråde på nokon måte. Eg såg filmen fordi eg vil få med meg kva som blir laga av Star Wars-filmar, då eg er interessert. Interessen blir verken forsterka eller øydelagt av Star Wars: Episode IX - The Rise of Skywalker.