Polarekspressen (2004)

Skrevet av filmdagbok den 16 Mai 2023

Ironisk nok, når eg først ventar ei stund på å få sett ein julefilm, så forsvinn snøen før eg får gjort det. Først av alt, så vil eg kommentere animasjonen til filmen, som eg slettes ikkje er imponert over. Dei prøver å vere realistiske, og det ser ikkje bra ut. Hadde dei satsa på eit meir teikneserieaktig preg i det minste. Som i The Incredibles.

Tog kan vere fine greier, så lenge det ikkje er snakk om dette toget, for det er eit kjedeleg eit. Det har ei passangervogn og eit bibliotek som me ikkje blir nok kjent med. Filmen utforska for lite på dette område. Og Nordpolen ser ut til å vere ein kjedeleg plass og, med ein plastikkaktig julenisse. Det einaste skrytet eg vil gi til filmen er at dei har tona ned på julepynten enkelte stader. Det er nok til ikkje å bli kvalm av.