I Am Legend (2007)

Skrevet av filmdagbok den 2 Juni 2023

Min desiderte favoritt blant filmadapsjonar av boka I Am Legend. Miljøet denne gongen er New York, fullstendig tømt for menneske. Will Smith er rette mannen til å bere ein film av denne typen. Alderen gir truverd til både forskaren og soldaten Robert Neville.

Tempoet til I Am Legend er ikkje det høgaste. Han tyr i blant til kjente forteljargrep, men hamnar aldri i den dårlege rytmen. Heile vegen ligg det ei spenning i lufta. Her er det lagt vekt på å gjere det beste ut av ting, så forvent ingen kjapp introduksjon med ein time action som følger, I Am Legend er ikkje den type film. Historia bak filmen får overraskande mykje ut av seg på kort tid, det er eit rikt detaljnivå i omgivnadene, eg blei tidleg fengsla av storleiken på alt.

Nok produktplassering finst, ingen av desse går utover filmen si truverd i stor grad. Muterte skapningar herjar også New York på nattetid, her er det ein mellomting mellom zombiar og vampyrar, med sterk fysikk, som fungerer ganske godt. God film, der ei stor glede var at dei har klart å få alt ned til 90 minuttar, noko som utelet eviglange for- og etterord.