Iron Man 2 (2010)

Written by filmdagbok on June 2, 2023

To år etter Iron Man kom Robert Downey Jr. tilbake til jerndrakta for nok eit oppgjer med stygge geni i robotdrakter.

Eg skal ikkje gå rundt grauten, og kjem med det først som sist, Iron Man 2 er ein halvkjip film. Eit døgn etter eg har sett han har eg allereie byrja å gløyme handlinga.

Eksempelvis er Sam Rockwell (lenge leve Moon) ein av dei minst karismatiske skurkane på lenge, godt mogleg kjedelegare enn skurken i G.I. Joe: The Rise of Cobra. Den store slåstkampen mot slutten er over før eg får sukk for meg, og det på ein rimeleg teit måte. Resten av filmen er gløymt, men det handlar om ein sjukdom og det å gi opp, om det å dra ut tida og gå i andre retninga av det som gjorde Tony Stark kul i første filmen.

Filmen full av mange dårlege val blir berre gjort mindre kjedeleg av avløysande humor og romantikk som kjem til overflata med hjelp frå Gwyneth Paltrow.

Så skal det likevel bli sagt på slutten, at om du ikkje treng ei god historie, om du berre vil ha actionsekvensar, stereotypar som tyt om kva enn stereotypar tyt om, og litt humor som vanleg i mange storfilmar, så går Iron Man 2 an. Han har ein viss flyt og går meg aldri heilt på nervane heller.