Halloween H20: 20 Years Later (1998)

Written by filmdagbok on June 2, 2023

Etter nedturen Halloween: The Curse of Michael Myers er Halloween H20: 20 Years Later som gull å rekne, med omsyn til heile filmserien har faktisk denne scener som kjem på øvste del av lista over minneverdige augeblinkar.

Jamie Lee Curtis er tilbake og all handling frå Halloween III: Season of the Witch til og med The Curse of Michael Myers har aldri skjedd.

Halloween H20: 20 Years Later er både eit friskt pust i serien og ein habil skrekkfilm. Spennande og grufulle scener veg opp for eit par upassande og halvkomiske scener. Josh Hartnett debuterer utan å prestere på topp, men er omtrent som alle andre i filmen del av den beste rollebestninga hittil. Filmen manglar derimot Donald Pleasence, som døydde tidlegare.