Gattaca (1997)

Written by filmdagbok on June 7, 2023

I ei ikkje så altfor fjern framtid er designa barn blitt vanleg. Arvelege sjukdommar kan veljast vekk før fødsel og forventa levealder blir kalkulert ved fødsel. Lova forbyr det, men betre jobbar tar i bruk helsesjekkar ved tilsetting og diskriminering er eit kjent fenomen.

På den andre sida har du Gudsbarn, fødd på naturleg vis utan innblanding av førfødselsteknologien. Ethan Hawke spelar ein av denne rasen som aldri kan få drøymejobben på grunn av ein førehandskalkulert hjartestopp i ung alder.

I Gattaca er det redselen for at dei små tinga skal bli avslørt som utgjer thrilleren. Her skal alt vere perfekt. Filmen framstår likevel ikkje som kald og steril. Vektlagt er den enkle historia om Vincent/Jerome.

Temaet er tukling med naturen. Sjølv om Gattaca er kritisk som det held viser han òg til moglegheitene, og er ingen dommedagsprofeti på nokon måte.