Mission: Impossible - Rogue Nation (2015)

Skrevet av filmdagbok den 7 Juni 2023

På ein måte er Mission: Impossible - Rogue Nation eit godt laga gjesp. Ein film eg bryr meg lite om, men som har ein del gode og underhaldande stunder.

Det er først og fremst den store samanhengen eg tykkjer er uinteressant. Og karakterane til både Tom Cruise og Simon Pegg. Det verkar som nok ein film til av ein eller annan sort, og desse to folka ser ut til å gå på autopilot.

Men med si over to timar lange speletid skal det litt til for at det manglar på gode innslag. Gode actionsekvensar og litt fiffig humor er som forventa å få når det er snakk om Mission: Impossible.

Høgdepunktet i filmen er derimot Rebecca Ferguson. Ho leverer godt skodespel og er ei tøff actionheltinne av det truverdige slaget. Ho er kroppsleg bygd som at eg trur ho kan utføre det fysiske ho gjer i filmen. Om eg ikkje har fått meir ut av det andre som skjer i filmen, enn til å så vidt underhalda meg, så har eg iallfall blitt fan av Rebecca Ferguson.