Better Call Saul er ein avspinnar til den herlege serien Breaking Bad, og handlar om karakteren Saul Goodman. På den fiktive tidslinja til Breaking Bad-universet så går handlinga i Better Call Saul føre seg før Breaking Bad.
Eg var smått skeptisk til denne serien. Breaking Bad er blant dei få seriane eg har rangert 5/5, og ein avspinnar har det heller ikkje alltid med å imponere. Men eg blei positivt gleda av kva Vince Gilligan og Peter Gould har fått til her. Dei har skapt ein serie som står stødig på eigne bein, og som har små referansar til Breaking Bad som krydrar.