Netflix si filmatisering av ei historie basert på livet til narkotikasmuglaren Pablo Escobar er ei valdeleg og eksotisk framstilling. Me har her med ein av dei farlegaste mennene i verda å gjere, og får i løpet av serien sett korleis åra såg ut i Colombia frå hans tidlege dagar av og framover. Både frå utsida og innsida.
Serien baserer seg altså på livet til ein ekte person, men er til sjuande og sist forma og fortalt som fiksjon. Dette er problematisk om du prøver å få noko sannferdig ut av serien, men uproblematisk om du ønsker underhaldning. Eg tykkjer det er uproblematisk.